Om meg
Hei! Eg heter Guadalupe og kjem frå Mexico. Eg har budd på Bømlo i 12 år. Det einaste eg kunne si da eg kom til Norge var "tusen takk", men lærte meg ganske flytande norsk etter 2 år. Du kan sikkert
høyra spansk tonefall når du snakker til meg, men det får bare bli sånn.
Denne sjansen med spanskkurs kom som ein tilfeldigheit . Ein vakkert dag var eg på butikken og handla, og då ringte mobilen og ein dame lurte om eg kunne tenkje meg å undervisa spansk. Eg sa: kvorfor ikkje? og vipps! nå har eg undervisa folk i 7 år.
Når det gjelder utdanningen min, eg har ein bachelor i kommunikasjonsvitenskap fra Universidad de Chihuahua i Mexico. Den varer i 9 semester med 6 fag kvar semester. Då har et tatt 54 fag i alt mulig som har noko å gjera med kommunikasjon: psykologi, fjernsyn, radio, journalistikk, fotografi, public relations, human relations, didaktikk, historie, skriveverksted, sosial psykologi, markedsføring, lingvistikk, semiologi, kommunikasjonsfilosofi, markedsundersøkelser, personaladministrasjon... you name it. Problemet med dette er når du er ferdig med utdanningen, du kan litt om alt, men mestrer ingenting. Løsningen er å studere vidare en master. Eg har fremdeles ikkje funnet ut kva eg vil spesialisere meg i. Eg likar liksom ALT. Alle 54 fag likte eg så godt, eg var ein av de beste i klassen min. I tillegg likar eg å lage mat, ta bilder, jogge, gå på tur, reise, undervisa, snakka med folk, vera aleina, sykla, lesa, elsker å lesa... sjå på tv, innreia hus, høyra musikk, gå på konsert, gå på kino...
Når eg er i klasserommet likar eg veldig godt å få spørsmål og tilbakemeldinger. Spansk er et språk som har mange reglar men finner alltid en måte å unngå dei. Det fascinerar meg å finne svar på kvorfor me seier ein ting eller ein anna på ein spesiell måte. Så av og til må eg finne svar sammen med kursdeltakerne. Eg kan ikkje alt, men eg veit korleis vi finner svarene. Eg likar også veldig godt å treffa folket og sjå korleis kvar einaste menneske lærer på sin egen måte. Kvar person er så unik. Nokre folk lærer best med musikk, ved å sjå på film og høyra språket, andre likar veldig godt grammatiken og vil veta alle reglane, mens andre vil snakka på spansk og prøva seg. Alt er lov. Og eg prøvar å jobba med alle på deiras måte.
Vel, då ha eg sagt litt om meg.
Snakkes!
Guadalupe :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar